Pratsom og superkosete katt søker heim
Pris: -Pratsom og superkosete katt søker heim
Diesel blei funnen i Åmdalen (via Dyrebeskyttelsen Møre og Romsdal), med diesellukt i pelsen. Han har no budd ei stund i fosterheim i Ålesund sentrum – men på grunn av allergi i heimen må vi dessverre finne ein nytt og varig heim til han. Vi er veldig glade i Diesel, men sidan han elskar å sitte på fanget – og gjerne heilt opp i ansiktet for å få kos og bli klødd – er det viktig at han får kome til nokon som kan gi han all kjærleiken og oppmerksomheita han fortener, utan å bli hindra av allergi. • Han responderer på “Pus”• Er husrein• Elskar å leike apport (favoritten har vore eit hårstrikk – NB: han har ikkje ete det, men det er noko ein bør passe på)• Han trivst best med mykje kos og kontakt, men vil nok også bli glad for å kunne vere ute etter kvart Utstyret han brukar no tilhøyrer Dyrebeskyttelsen og skal leverast tilbake, så ny eigar må nok skaffe skåler og eventuelt anna nødvendig utstyr sjølv. Mulig ein kan låne det vidare. Det må vi avklare med Dyrebeskyttelsen, i så fall.
Kontakt nå Få tilgang i 3 dager for bare 9 NOK