Blandingsvalper (Aussie og BC) ventes
Pris: -Blandingsvalper (Aussie og BC) ventes
Det ventes blandingsvalper av Australian Shepherd og Border Collie. Termin er rett rundt hjørnet. NB: Me har fått tilbake ei aussie tispe som venter blandings kull. Det presiseres at ho har avlssperre i nkk og det vart signert kontrakt om avlsnekt før ho vart solgt av oss. Ho var ikkje innunder vårt eige ved parring, men me vel å ta dette ansvaret. Tispa heiter «Kysthyrdens She Of The Sun» i NKK. Født 29.05.23. Micah er blå merle med nbt. Øyelyst fri som valp. Er fri på DNA tester, bortsett fra mdr1 bærer. HD og AD fri. LTV3. Ca 53.5 cm og norm.vekt er 22.5-23kg. Ho er ei mild tispe som er meget førerorientert og lærem. Reservert, men hilser på deg. Oppvaksen hjå oss, i lag med barn, katt og andre hunder. Moderat vokt og gjeterinnstinkt. Ho ynskjer å være med på det meste å held seg i nærleiken av eier. Far heite Ace. Født 24.04.20. Border collie. Langhåret Sort bicolour. Rolig og sindig i lynnet. Moderat gjeterinnstinkt. Lite vokal. Ingen kjent sjukdom. Han er NKK. Reg, men eg har ikkje navn eller reg.nr. Kan formidle kontakt med eier dersom det er ønskelig å hilse på eller få meir informasjon om han. Me har tru på at desse valpene kan bli flotte og aktive familiehunder i rette heim. Valpene er leveringsklare etter fylte 8 veker og de leveres med: • Ormekurer x4• Vaksine x1• Helsesjekk og attest gjort ved 7/8 veker. • øyelysing• Innholdsrik valpepakke. • Livslang oppfølging. Dei blir oppdratt i husstand med barn og andre hunder, samt katt. Valpene blir sosialisert å går gjennom miljøtrening dei vekene dei skal vere hjå oss. Me legg vekt på lyder og stimuli som høyrer med i ein normal kvardag. Dei kjem til å vere med på bilturer og utflukter fra dei er 4 veker gamle. Kullet er venta å vere moderat aktive, å kan eigne seg godt hjå familier/personer, anten som turven eller/og i div hundesport/bruks. Det er ikkje krav, men sjåast som ein bonus om ein har plan for hundeholdet. Rasene er generelt aktiv og treng mental og fysisk stimuli for trivsel. Eg driv egentlig med oppdrett på Australian Shepherd, og Kennel Kysthyrden har eigne sider på Instagram og Facebook. Me held til i Stord kommune, vestland. Det er ein øykommune som ligg mellom Bergen og Haugesund. Det er mogleg å komme på besøk når kvalpane er 3 veker. Me ynskjer kontakt av personer som har tatt eit gjennomtenkt val og som er innstilt på eit liv med aktiv hund. Det er bonus om ein kjenner til eller har erfaring med rasene. De *****s som familiehunder, evt til sport/bruks. Skriv gjerne ei utfyllande melding om deg/dykk, fremtidsplaner og kva eigenskaper du verdsett hjå ein ny hund. Eg (Sandy) svarer fortløpande 😊 Informasjon om rasene: Australian Shepherd klubb Norge: **** Border collie klubb Norge: ****
Kontakt nå Få tilgang i 3 dager for bare 9 NOK